onsdag 12. september 2007

Dømrade detox.

Eg er svolten. Faen så svolten. Lat det ikkje vera nokon tvil om det.

Eg skuldar ingen for dette. Dette er fullt og heilt min eigen feil. Tingen er at eg prøver å detoxe litt; Eta mjølk og sukker, men unngå dei slemme E-stoffa. Eg er altså ein kvasi-detoxar.

Men i kantina har dei jo ingenting utan dei slemme e-stoffa.


Det eg derimot har er ein squash på anslagsvis fem kilo i kjøleskapet.
Den skal Bella og eg eta litt av etterpå. Kanskje til dømes ein halv kilo. Da har eg berre att anslagsvis fire og ein halv kilo. Det er ein viss fare for at dette kan bli ei lang veke.

PS: Einaste lyspunktet er at eg måndag ringde til Hallvard og sa at eg ville kjøpe Thomas. Sjølv om han var veldig stressa, trur eg han oppfatta meldingi. Det gler meg.

Ingen kommentarer: