torsdag 20. september 2007

Ungdommen no til dags

Eg innser det. Eg er ein gammal mann. Eg går med frakk og nyttar alkoholhaldig drikke kun i særskilde høve. Eg er oppgjeven over ungdommen i dag. På fleire punkt faktiks.

I dag har ikkje folk sagt anna. Heile 'dømrade dagen har folk opplyst meg om dette. Som om ingen hadde gjort det før.


Det skumle er at Bella har sagt dette i eit år. Eg hadde berre bruk for nokre dagar med stokk og frakk for å skjønne det sjølv.

Mi neste (og fyrste) stemme går til Pensjonistpartiet.





1 kommentar:

Anonym sa...

Heilt einig. Sjølv om eg ikkje kler meg i frakk, eller har stokk, så har eg eit måtehaldent forhold til alkohol, ein substans eg meinar enkelte inntek alt for ofte.

Like vel meinar eg at Pensjonistpartiet kanskje ikkje er heilt di greie.. Eller mi for den del.