torsdag 11. oktober 2007

I regnbogar


Som den regnbogemannen eg jo er kjend som, har eg sjølvsagt gått til det steget å kjøpe den nye Radiohead-"skiva" "In Rainbows". Sjølvsagt har eg bestilt den massive "disc boxen" med alt det unaudsynte stashet du kan tenkje deg. Eg er lukkeleg no.

Familien, inkludert Bella, er på Hamar hjå bror med familie. Idyllen er påfallande.

Forøvrig har eg hatt to store seirar (relativt sett) på nynorskfronten i det siste. For det fyrste, vart eg jo vald til månadspoet på skolekammeret med mitt lett apokalyptiske dikt "Frå jordi (med vennleg helsing)". Eg har no fått bekrefting på at mitt månadspoetintervju vil bli publisert på dagbladet.no på nynorsk. Dette gledde meg storleg.

For det andre, har eg inngått ein deal med Olav Magnus i SU; Eg blir med og tek litt initiativ for å få liv i Firda SU- han syter for 50% nynorsk på su.no! Eg gler meg til å kunne stolt formidle dette på ideologiseminar i NMU- som eg sjølvsagt oppmodar alle til å komma på- i Oslo 26.-28. oktober.

1 kommentar:

Anonym sa...

Du formidla ikkje dette her til meg, - som sjølvsagt er koseleg, koseleg! :D (nynorsk+SU).

Hadde du berre no fengje Unge Høgre til å gjera noko liknande...