tirsdag 6. mai 2008

Musikkmisjonen: Brooklyn Funk Essentials


Eg har ikkje tenkt å berre snakke om gamle rockeheltar her. I dag skal eg til dømes snakke om Brooklyn Funk Essentials. Kva er så BFE? Eit strålande ensemble av (rundt) 11 musikarar med bustad i Brooklyn, derav namnet. Såvidt eg veit er det ein haug afroamerikanarar og to svenskar. I tillegg til ein og annan latino-trommis.

Det morsomme er at dei to svenskane faktisk spelar svært sentrale roller i bandet: Lati Kronlund, som eigentleg heiter Lars E. C. Kronlund, er bassist og bandleiar, medan Papa Dee er ein av hovudvokalistane. Han heiter eigentleg Daniel Wahlgren og er DJ på svensk radio. Gud, så eksotisk.

Det var mi gode veninne Merete som fyrst introduserte meg for dette orkesteret, og eg skjønte fort at dette groova hardt. Så då dei kom til Nattjazz i fjor (?), var vi ikkje i tvil om at vi måtte reise. Eg sende melding til dei på MySpace og forsikra dei om at eg skulle stå på fremste rad og syngje. Følgjande melding kom tilbake:

"Looking forward to seeing you in Bergen!
Bring all your friends. It's gonna be a blast!

BFE"

Det vart det. Dei heldt ein forrykande konsert på Verftet og gjekk av scena til høglydt jubel. Då bandet var på veg ut, og eg var ganske sveitt og sliten, gaula eg, i håp om å få høyre songen eg sakna; "I got cash!". Everton kom ut att, ropte eit eller anna ................... motherfuck til Merete og meg, og så sette det i gang. Etter konserten sende eg ei ny melding på MySpace der eg uttala mi begeistring over det eg hadde opplevd i Bergen. Svar kjem:

"thank you jostein!
we had a blast in bergen!
hope to be back soon!

bfe"

Jess. Etter dette har eg brukt uttrykket "It's gonna be a blast" jamnleg, spesielt i målsamanhengar. Alltid til stor åtgaum, sjølvsagt.

I got cash,
Mega cash,
I'm happy with that,
Oh go and sit on your ski rug,
Money talks you little pussy,

You let your politically correct pals know,
That i think you're a dick also,
You dirty asshole

And your idea of multiculturalism
Japanese resturant on Monday,
Indian on tuesday,
And on Wednesday, Caribbean,
Not to spicy please

Well
I got stash on stash and it ain't novo cash.
Moneys in my family for generations,
My great great great grandfather made the bag,
Selling European slaves in Africa

I got cash mutha fuckah,
And you can't tell whether or not I'm joking, can you?
Dumb fuck.


MySpace-sida deira, med låtar frå det nye albumet+ The Creator Has A Master Plan og I Got Cash
Istanbul Twilight, frå den tyrkisk-inspirerte "In the Buzz Bag"-plata.

---

Til slutt vil eg gjerne dele han her med dykk. God jul!

3 kommentarer:

Silkeschwarzen sa...

Så kult at du har begynt å skrive igjen! Eg komme til å lære masse musikkting av bloggen din. Looking forward!

Anonym sa...

Eg skulle segja det same som ho Christine, men no vert det berre plagiat. Må nesten finna på noko anna. Hmm.

Ja, det er sol i Stavanger. So herleg. Hmm. Trur ikkje det var serleg relevant. Same kva; moro med uppdateringer.

m. sa...

merri krismes beibi.