fredag 2. mai 2008

Musikkmisjonen: Sting- The Soul Cages

Eg, som dei fleste andre er eit produkt av arv og miljø. Når eg no vil prøve å gje nytt liv til bloggen min, var det naturleg å ta ein av dei musikarane som har betydd aller mest for meg, som person og musikar. Han har eg arva.

Bror min, som, iallfall dei
fyrste 15 åra av livet mitt, var eit slags gudeliknande førebilete for meg, introduserte meg ein gong i barndommen for ein kassett med Sting. Det var Nothing Like The Sun, plata med Englishman in New York og Fragile på. Eg skjønte med ein gong at dette var noko Åsmund var glad i, og dermed var eg glad i han også. I eit par år høyrte eg på denne samme kassetten eit kvarter kvar dag (KVAR DAG) fram og tilbake til skulen. Eg kunne syngje alle tekstane (utan å skjønne kva nokon betydde), alle soloane, alle overstemmene.

Ein gong, rundt 2001, reiste Åsmund på Sting-konsert og kom heim på ferie med alle Sting-albuma som var komne til da. Eg kopierte alle over på kassett og høyrte på dei dag og natt. Det var då eg fekk høyre The Soul Cages.

Då far til Sting døydde, fekk han ei massiv skrivesperre, slik kunstnarar gjerne gjer. Han skjønte at einaste måten å koma over sperra på, var å ta far sin inn i musikken. Difor laga han denne plata, som utelukkande, direkte og indirekte, handlar om far hans. Eg tykte denne triste historia, blanda med den fantastiske musikken var så sterk at kvar gong eg høyrte det siste sporet, When The Angels Fall, gret eg. Foreldrene mine må antakeleg ha trudd eg var galen, der eg sat i bilen, på veg til Lesja eller noko slikt og gret for meg sjølv i baksetet.

Men slik var det altså, og sidan den fyrste gongen med Nothing Like The Sun har Sting vore med meg alltid og overalt. Eg blir nok aldri kvitt han.

Take your father’s cross
Gently from the wall
A shadow still remaining
See the churches fall
In mighty arcs of sound
And all that they’re containing

Yet all the ragged souls
Of all the ragged men
Looking for their lost homes
Shuffle to the ruins
From the leveled plain
To search among the tombstones

When the angels fall
Shadows on the wall
In the thunder’s call
Something haunts us all
When the angels fall

--




2 kommentarer:

Janne sa...

Kjempebra at bloggen din er i gong igjen :) Kan ikkje seie at eg har høyrt så mykje på Sting. Du får låne meg ei plate.

3-2-nuz sa...

Nei, eg veit at Sting kanskje har litt rykteproblem- eg innser at litt for mange av dei gamle tantene mine høyrer på han. Men har du høyrt på lenkjene? Eg tykkjer han er ein heilt fantastisk komponist, veit ikkje om nokon som er så god til å variere strofene sine som han! Men eg er jo subjektiv som faen, da:D

Kjem bort i kveld med plata, eg.