
[Dette innlegget vart skrive fredagskvelden, men grunna noko mangelfull internettline hjå mormor vert det ikkje lagt ut før i dag.]
Bella og eg er framkomne til Trondheim og sillar no hjå mormor (til Oda-snik) Marian. Ho er kul og snill. Ho gjev oss mat og seng. Eg er glad eg slepp å sova i UKM-gymsal.
Jazzlina på musikkonservatoriet i Trondheim er, trur eg dei fleste er einige om, den fremste leverandøren av jazzmusikarar her i landet. Eit av dei aller beste produkta av jazzlina er, etter mitt syn, Come Shine. Sett saman av jazzsongaren Live Maria Roggen, arrangør og pianist Erlend Skomsvoll, bassist Sondre Meisfjord og trommis Håkon Mjåset Johansen, var dette bandet eit av dei mest suksessrike jazzbanda i landet mellom 1998 og 2004.
Den 8. mai 2004 var eg relativt ny i jazzverdi. Eg var fyrstereisgut på "Unge Talent" på Balejazz, og i

[Eg har ikkje funne noko musikk av Come Shine på nettet, men sjekk det ut likevel. Det er verdt det.]
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar