lørdag 14. juni 2008

Musikkmisjonen: Koop


Det er sommar, og med sommar kjem sommarmusikken. Og NEI, eg skal ikkje skrive om Postgirobygget. Derimot to svenskar i dameklede. Mykje det same, seier du? Neppe.

Koop er ein svensk jazzduo beståande av Magnus Zingmark og Oscar Simonsson. Dei spelar ein god del instrument sjølve, samt at dei får med seg toppfolk til å spela og syngje med seg. Blant desse er dei norske songarane Ane Brun (som syng på til dømes Koop Island Blues, saman med vibrafonistvirtuos Mathias Ståhl) og Hilde Louise Asbjørnsen, som for tidi er hovudsongaren til Koop i livesamanheng.

Trass i at dei til tider høyrest ut som eit 60-tals storband, er musikken deira i all hovudsak bygd på sampling. Eg siterer frå heimesida deira: "When listening to Koops music it's somehow easy to believe that it's played by a small orchestra, but in fact the music is based on samples. Thousands of small clips from records puzzled together into new songs. All the drums, strings, horn sections and choires are actually sampled! This is a very time consuming way to make music (it's one of the reasons it takes such long time to make a koop album), but it's the only way to create the surreal Koop sound." Men som sagt, songarane og solistane spelar på vanleg vis. Resultatet? Sommar. Sommarsol. Sommarsol over Koop Island.


1 kommentar:

Anonym sa...

Så deilig musikk. Sangene du la ved ga meg ikke så mye sommerfølelse generelt, men veldig sommerferiefølelse. Det er slik musikk som spilles i bakgrunnen på restauranter ved havnen, tenker jeg når jeg hører det.