mandag 21. juli 2008

Å finne paradis i Molde domkyrkje

Eg er heime frå jazzen. Eg er alltid heime i jazzen, men no er eg altså heime frå jazzen. Det var ei rik veke, som eg no skal oppsummere, i korte trekk. Tre høgdepunkt vil eg trekkje fram.

1: Tysdag: Brad Mehldau
Han skuffa ikkje. Eg var fyrst i køen og sette meg heilt fremst på midten. Eg sat to meter frå føtene hans når han spela sine firstemmige improvisasjonar og vibrerande akkordar.

2: Onsdag: Soil and "pimp" Sessions
Dette var den konserten ingen visste kven var, men alle skulle på. Skildra i programmet som det hippaste bandet på klubbscena i Tokyo og eit av dei mest omtala banda i Japan. Det var ein fest utan sidestykke. Aldri har eg vore på noko liknande i Moldejazzsamanheng, som då heile Kulturhuset gaula taktfast "Sai! Sai! Sai! Sai!" på siste låten. Det var då bassisten fann fram trommestikka. Stakkars bass.

3: Fredag: Christian Wallumrød Ensemble
Eg skjønte aldri kvifor Molde Domkyrkje ikkje var stappfull av folk. Frå fyrste tone Arve mana fram i trompeten sin kom eg nærare og nærare himmelen. Då eg kom fram, vart eg verande.

Slik, då er de underretta om det viktigaste. Desse tre minna, dei andre konsertopplevingane, i tillegg til det å spela tostemt tinnfløyte med Andreas på Kviltorp (og liknande kuriøse hendingar), gjorde det verdt å sova tre timar på ei betongtropp utanfor Otta Skysstasjon i natt. Det er ikkje lite.

Seinare, då eg kom heim til Bella, fann eg ut at paradisomgrepet er relativt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Sjekk bloggen min - det er det næraste eg kjem ei god jazzoppleving i det siste.