onsdag 12. september 2007

Kartongkaos


Som eg tømte (enda) ein mjølkekartong nettopp, slo det meg:

Kvifor har eg ein heilt spesiell teknikk når eg tømmer kartongen?

Når eg berre slår i koppen til vanleg held eg han heilt vanleg, beint. Men med ein gong eg merkar at kartongen er nesten tom, får eg ei slags vriding på det heile, så eg tømmer på skrå. Det vil seie at den siste mjølkeslanten faktisk kjem ut på breisida av den såkalla "tømmetrekanten". Kvifor gjer eg dette? Fordi eg kan? Fordi hovudet mitt er fylt av meiningslause tvangsnevrosar?

Dette kjem eg til å tenkje ein del på, kjenner eg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er fordi du er litt skeiv, Jostein. Nothing more, nothing less ;)