Den siste tidi har vore særs spesiell. Tankane mine har oftast vore andre stadar enn på bloggen. Svigermor Alfhild har no lege i to veker på Haukeland Sjukehus. I dag er ho teken av sovemedisinane, for å unngå koma. Når ho vaknar, kanskje i morgon, kanskje om ei veke, vil ho tru at det framleis er laurdag 20. oktober. Dei veit ikkje kva som skjer når ho vaknar, men uansett må dei altså prøve å løyse alle eventuelle komplikasjonar utan bedøvingsmiddel. Dette er frykteleg rart og slitsomt og sjølvsagt verst for Oddbjørn, Bella og Renate.
Eg kjenner eit stort behov for avslapping denne helgi, i og med at det truleg blir mykje stress med haustfesten dei neste to vekene. Storbandtinga som eg aldri får ferdig ligg òg og murrar i bakhovudet mitt. I tillegg til oppspel og bloody biinstrumenttentamen.
I kveld har Bella og eg hatt ein roleg fredagskveld åleine heime hjå meg i Lærdal. No skal vi leggje oss. I morgon tidleg skal vi sjå Aladdin (og kanskje Narnia, viss det blir tid).
PS: Ho er framleis fin. Det rimar dessutan på Jasmin.
lørdag 3. november 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Du er nok den finaste.
<3
http://youtube.com/watch?v=t9-CS2v8wcc
Legg inn en kommentar