fredag 16. mai 2008

Dette gjer eg no



Når eg ikkje irriterer meg over folk som uttaler seg i nynorskdebatten utan å eigentleg veta kva som foregår, syslar eg med litt musikk. På MySpacet mitt kan de høyre når eg ein sjeldan gong legg ut nye ting. SLIK SOM NO. Eg har lagt ut ein liten låt som heiter ZamZama Blues- eit produkt av den arabiske påverknaden eg fekk på Balejazz. Lytt og kommenter- slakt gjerne. Eg treng å få tilbakemelding, så eg veit kva som funkar og ikkje.

Og om de skriv noko eg ikkje likar, svarar eg sjølvsagt berre; Get a fucking grip!

5 kommentarer:

Anonym sa...

"ZamZama Blues" var grei nok, kanskje litt flat? Eg sakna litt meir spenning.. I tillegg hadde eg ikkje heilt sansen for samplelyden. Det blei litt plastikk på instrumenta. Men melodien er fin, du treng berre eit ordentleg instrument :P

Har absolutt mest sans for "Folk VII" om eg først skal seie noko flott om ein av sangane dine. Melodilinja er praktfull, og eg tykkjer den er veldig dynamisk, om det er rett ord. Den leikar med seg sjølv på ein fin måte (Berre synd den sluttar så brått).

3-2-nuz sa...

Vel, det ligg føre ein plan om å spela inn ein solodel der, men vi er komne til slutten av veka og opptaksutstyr ligg på Sandane, så det vert ikkje no iallfall. Det er eigentleg ein type låt som passar best til å bli spela med skikkelege instrument, trur eg, men man tager hva man haver o.s.b.

Takk for tilbakemelding eniveis:)

Anonym sa...

Mai plessjør.

No stress, ruzzedress.

Jens Kihl sa...

Eg berre elskar menneske som seier "Get a fucking grip!". Det er faen meg betre enn pannekakene til Mamma.

Anonym sa...

eg synst den var fin og hadde mange morosame lydar!:D