tirsdag 15. juli 2008

Rumba med Brad

Eg skal prøve å la vera å skrive ei poetisk skildring av festivalstemningi i Molde. Det er dagbladguru Terje Mosnes si oppgåve. Og så skal Arild Rønsen freiste å gjera det same i Fire Flate, festivalavisa, men hans skildringar blir ofte gjennomsyra av at han er hakket barskare enn Mosnes. Rønsen såg eg på skjenjestova til oss funskjonærane i dag. I Vålrenga-gensar. Den umiskjennelege lukta av øl har sett seg i veggane på funksjonærkroa. Det grøne lauvet utanfor er duppa i regn, som om det var frå ei flaske V.S.O.P cognac. Det er juli og jazzen er kommen til Molde. Pokker, der sneik ho seg inn. Skildringi, altså. Eg har forøvrig selt Moldejazz-kaffekopp til Terje Mosnes.

Og apropos klisjear: Kva kan eigentleg bli meir klisje enn å somne i telt på Moldejazz, medan det regnar og eg langt bak kan høyre heimefavorittane DiDerre spela Rumba med Gunn?

Eg følte meg som ein film utan særleg spanande slutt.

Uansett, no er det berre to timar att til Brad Mehldau går på scena i Kulturhuset. Der var eg forresten på Kobert i går kveld, som spela med Trondheim Jazzorkester. Det tykte eg var veldig fint, sjølv om eg kanskje tykte orkesteret brukte eit par låtar på å spela seg heilt varme og saman. Ingrid Lode var iallfall svært overbevisande som frontfigur og formidlar.

Eg skriv sikkert snart att, då truleg i ekstase over Brad Mehldau. Dersom eg ikkje er i ekstase, er eg truleg i ein djupare depresjon. For svaret på dette spørsmålet, og mange andre av liknande sort, fylg med vidare.

Ingen kommentarer: