tirsdag 5. august 2008

Om danske menneske på ferie

Eg har generelt sett eit ganske avslappa forhold til danskar. Eg tykkjer dei er trivelege og snille folk. Så før eg går vidare, vil eg understreke at dei frustrasjonane som eg under vil lufte kjem av reint praktisk-kommunikative årsaker. For du skjønnar;

Eg sit jo her på turistkontoret om dagane, kosar meg og høyrer på opera. Eg er forholdsvis stø i engelsk, så med mindre eg høyrer "bonjour!" frå inngangsdøri, lyfter augo, og kjenner att den klassiske, franske, "eg-kan-ikkje-eit-ord-engelsk-og-er-stolt-av-det"-haldningi, går det ganske bra. Men så er det altså danskane. For vi og danskane er jo brorfolk, så dei vil jo sjølvsagt tala morsmålet sitt når dei er her, akkurat som vi gjer når vi er der. Det byr på problem.

Det er ikkje det at eg ikkje skjønnar dei. Som oftast går det riktig bra, eg mistar ein del detaljar og fyllord, men får med meg essensen. Men som dei varme og lune menneska danskane er, likar dei å spøke litt med meg og slå litt vitsar og sånn- vitsar som slett ikkje alltid er like enkle å oppfatte for nordmenn. Og fleire gonger har det ført til pinlege situasjonar. Til tider svært pinlege. For eg vil jo nødig vera uhøfleg, men eg kan verkeleg ikkje berre le høgt av dei fullstendig på måfå. Ofte skjønar eg ikkje før etterpå at dette nok var ein spøk vedkommande danske hadde tenkt lengje på, og forventa ein ordentleg respons på. Så då blir det til at eg humrar litt forsiktig, noko som dansken oftast oppfattar som litt avvisande og kaldt. Enkelte vil argumentere for at dette berre stadfestar det synet som allereie finst på nordmenn, men eg vil jo i utgangspunktet heller prøve å motarbeide dette.

Like etter dette hende, kom ein ny dansk familie inn. Desse kjøpte kort. 10 kort og 10 frimerke(10x10 kr + 10x9kr = 190). Som vanleg, melde eg frå om at den aktuelle summen det var ynskt at dei skulle betale, var 190 kr. Den danske dama seier så til ektemannen sin (fiktivt namn): "Kristoffer, kan du finne hundreogfemti kroner?". Eg tenkte at ho hadde høyrt feil, så eg gjorde klart: "Unnskyld, det var hundreognitti kroner, ikkje hundreogfemti." For seint skjønte eg at dette hadde med det berykta, MENSA-intrikate, danske talsystemet: "Nei, du skjønner, 90 heter halv fems på dansk".


Eg heldt munn, tok imot pengane og tenkte at eg aldri meir skulle stille spørsmål ved måten danskar tel på. Men eg vart sitjande i undring over korleis halv fems plutseleg kunne bli til femti. Eit spørsmål eg aldri kjem til å tore å spørje nokon om svaret på. Er ikkje sikker på om eg eigentleg vil veta det heller.

2 kommentarer:

Anonym sa...

men dette kunne eg jo ha forklart deg, kjæresten min.

det danske talsystemet er bygd på snes, så når dei seier fems meinar dei hundre(5 x 20). men mellom snesa har ein jo ti, så halvfems er 5 x 20 - 10, altså nitti.
og fjers er åtti
halvfjers er søtti
og tres er seksti
halvtres er femti
førti er førti(ein dansk versjon av ordet i alle fall)
tretti er tredve
tjue er tyve
ti er ti

...men kjenner eg deg rett har du allereie funne dette ut og latar som om du er dum.

lov u

Torbjørn sa...

Viss eg kan få komma med ei oppklarande kverulering til forklaringa av det danske talsystemet: Det er ikkje bygd på omgrepet snes. Dette er likevel ei så vanleg misforståing at det til og med står på norsk Wikipedia. Det riktige er at "tres" er ei kortutgåve av "tre sinde tyve" - altså tre gangar tjuge. Det same gjeld (naturleg nok) for fjers og fems. Korleis dei fann på å seie halvtres, halvfjers og halvfems er eg meir usikker på, men det er vel like naturleg som at både nordmenn og danskar seier halvannan.