torsdag 7. august 2008

Nabovarsel

Flyttemelding

Eg, Jostein Avdem Fretland, melder med dette flytting frå http://3-2-nuz.blogspot.com til http://tritonus.blogg.no. Vonar dette ikkje skapar problem for nokon av dykk og at de framleis vil koma på vitjing til meg. De er i alle høve velkomne.

Med venleg helsing
Jostein

tirsdag 5. august 2008

Om danske menneske på ferie

Eg har generelt sett eit ganske avslappa forhold til danskar. Eg tykkjer dei er trivelege og snille folk. Så før eg går vidare, vil eg understreke at dei frustrasjonane som eg under vil lufte kjem av reint praktisk-kommunikative årsaker. For du skjønnar;

Eg sit jo her på turistkontoret om dagane, kosar meg og høyrer på opera. Eg er forholdsvis stø i engelsk, så med mindre eg høyrer "bonjour!" frå inngangsdøri, lyfter augo, og kjenner att den klassiske, franske, "eg-kan-ikkje-eit-ord-engelsk-og-er-stolt-av-det"-haldningi, går det ganske bra. Men så er det altså danskane. For vi og danskane er jo brorfolk, så dei vil jo sjølvsagt tala morsmålet sitt når dei er her, akkurat som vi gjer når vi er der. Det byr på problem.

Det er ikkje det at eg ikkje skjønnar dei. Som oftast går det riktig bra, eg mistar ein del detaljar og fyllord, men får med meg essensen. Men som dei varme og lune menneska danskane er, likar dei å spøke litt med meg og slå litt vitsar og sånn- vitsar som slett ikkje alltid er like enkle å oppfatte for nordmenn. Og fleire gonger har det ført til pinlege situasjonar. Til tider svært pinlege. For eg vil jo nødig vera uhøfleg, men eg kan verkeleg ikkje berre le høgt av dei fullstendig på måfå. Ofte skjønar eg ikkje før etterpå at dette nok var ein spøk vedkommande danske hadde tenkt lengje på, og forventa ein ordentleg respons på. Så då blir det til at eg humrar litt forsiktig, noko som dansken oftast oppfattar som litt avvisande og kaldt. Enkelte vil argumentere for at dette berre stadfestar det synet som allereie finst på nordmenn, men eg vil jo i utgangspunktet heller prøve å motarbeide dette.

Like etter dette hende, kom ein ny dansk familie inn. Desse kjøpte kort. 10 kort og 10 frimerke(10x10 kr + 10x9kr = 190). Som vanleg, melde eg frå om at den aktuelle summen det var ynskt at dei skulle betale, var 190 kr. Den danske dama seier så til ektemannen sin (fiktivt namn): "Kristoffer, kan du finne hundreogfemti kroner?". Eg tenkte at ho hadde høyrt feil, så eg gjorde klart: "Unnskyld, det var hundreognitti kroner, ikkje hundreogfemti." For seint skjønte eg at dette hadde med det berykta, MENSA-intrikate, danske talsystemet: "Nei, du skjønner, 90 heter halv fems på dansk".


Eg heldt munn, tok imot pengane og tenkte at eg aldri meir skulle stille spørsmål ved måten danskar tel på. Men eg vart sitjande i undring over korleis halv fems plutseleg kunne bli til femti. Eit spørsmål eg aldri kjem til å tore å spørje nokon om svaret på. Er ikkje sikker på om eg eigentleg vil veta det heller.

søndag 3. august 2008

Musikkmisjonen: Aphex Twin aka Afx aka Richard D. James

Det var den gongen Petter var sjef på Kosen ungdomsklubb, og eg bestemte meg for å kaste fordommane mot elektronisk musikk. Han brende ein mix med mykje ulikt (Peaches, Squarepusher, Venetian Snares++) og la ved nokre cdar. Det var ein artist der som tok meg fullstendig. Eg trur det var cellosampla han brukte. Cello! Eg, som den gongen høyrde trance når eg tenkte tekno, og så kjem denne mannen med ein cello!

Eg har no leitt internett rundt etter ein spesiell video eg ein gong såg av den mest fantastiske av alle afx sine songar; 4. Eg fann aldri den, men kos dykk med denne av salad fingers-skapar David Firth til eg finn den rette. Ditt syn på tekno vil truleg aldri bli det same. Mitt vart iallfall ikkje.


Bella hadde laga mat til meg då eg kom heim frå jobb i dag. Det tykkjer eg var veldig fint gjort og etter det såg vi Lost and Delirious, som var frykteleg trist men fin samstundes.

onsdag 30. juli 2008

Kjærleik på koffert

Eg har funne kjærleiken. Det er noko alle veit. Men eg har funne ein annan kjærleik, då Bella og eg utforska det eldste huset på garden min for ei tid sidan. Og om ikkje denne kjærleiken er like intens som den eg føler for ho, er den ganske sterk. Sei hallo;

Photobucket
Fin, sant? Berre vent, det blir betre.

For eg er Mac-o-man på min hals, og har med meg min MacBook kvar eg går. Det er difor essensielt for ei veske eg skal bruke at den har plass til Macen. Det er her den verkelege kjærleiken slår inn; mi gudegjevne gåve for ei eller anna god gjerning eg må ha gjort i eit tidlegare liv. Løyst Midt-Austenkonflikti eller noko. Sjå:



+








=






= kjærleik. Skjønar? Ja, den passar akkurat på millimeteren. Ein koffert kanskje til dømes laga i 1953 og ein MacBook frå godt utpå 2000-talet. Eg tykkjer det er reint vakkert, eg.




Av trivialitetar må nemnast at eg har hatt konsert i dag (som gjekk fint) og dessutan er usakleg solbrend på ryggen etter fjellturen. Og har gigantisk dreadsskille som er ganske usjarmerande igrunn. Ikkje tilrådd.

Og ja, forresten! Bella og eg såg ferdig ein film i dag, Into the wild. Den var berre fantastisk, sjå den alle saman. Don't try this at home. Nokon som har sett den og har kjensler dei ynskjer å dele?

lørdag 26. juli 2008

Fjell, fjell ikkje?

Om sju og eit halvt minutt reiser eg til fjells att og blir vekke til måndag. Eg, som er fødd i eit hol mellom fjella (Ja, eg har fjell på absolutt alle kantar, nei eg ser ikkje himmelen dersom eg ser ut glaset) har alltid hatt eit ganske nært forhold til fjellet, og det å gå i dei. Men det er jo slett ikkje sikkert at alle har det slikt, eg har høyrt rykte om at her i bloggverdi så finst det til og med austlendingar(høhø). I det samband lurer eg litt på; Kva er eigentleg forholdet dykkar til fjell og fjellturar og slikt?

Forøvrig gler eg meg veldig, for min kjære bestefar på 85 har stavra seg opp dei 1000 høgdemeterane til hytta vår (i år òg), så han, i tillegg til syster mi og hennar sambuar, ventar på meg når eg kjem. Eg har tru på at det blir Gnav i kveld.

tirsdag 22. juli 2008

hei

hei

eg er forelska er du?

mandag 21. juli 2008

Å finne paradis i Molde domkyrkje

Eg er heime frå jazzen. Eg er alltid heime i jazzen, men no er eg altså heime frå jazzen. Det var ei rik veke, som eg no skal oppsummere, i korte trekk. Tre høgdepunkt vil eg trekkje fram.

1: Tysdag: Brad Mehldau
Han skuffa ikkje. Eg var fyrst i køen og sette meg heilt fremst på midten. Eg sat to meter frå føtene hans når han spela sine firstemmige improvisasjonar og vibrerande akkordar.

2: Onsdag: Soil and "pimp" Sessions
Dette var den konserten ingen visste kven var, men alle skulle på. Skildra i programmet som det hippaste bandet på klubbscena i Tokyo og eit av dei mest omtala banda i Japan. Det var ein fest utan sidestykke. Aldri har eg vore på noko liknande i Moldejazzsamanheng, som då heile Kulturhuset gaula taktfast "Sai! Sai! Sai! Sai!" på siste låten. Det var då bassisten fann fram trommestikka. Stakkars bass.

3: Fredag: Christian Wallumrød Ensemble
Eg skjønte aldri kvifor Molde Domkyrkje ikkje var stappfull av folk. Frå fyrste tone Arve mana fram i trompeten sin kom eg nærare og nærare himmelen. Då eg kom fram, vart eg verande.

Slik, då er de underretta om det viktigaste. Desse tre minna, dei andre konsertopplevingane, i tillegg til det å spela tostemt tinnfløyte med Andreas på Kviltorp (og liknande kuriøse hendingar), gjorde det verdt å sova tre timar på ei betongtropp utanfor Otta Skysstasjon i natt. Det er ikkje lite.

Seinare, då eg kom heim til Bella, fann eg ut at paradisomgrepet er relativt.