søndag 9. september 2007

Nedteljingi er i gang


Eg er forelska. Thomas. Eit tysk frukostservise frå 70-talet.

Nedteljingi er i gang.
Om nokre få timar begynner den nye dagen.
(Nokre ville seie den alt er begynt)
Frå i morgon skal
Thomas og eg vera saman for alltid.
Trur eg, iallfall.

Mariell, finami, har laga blogg til meg. Ho er kjempeflink og har brukt masse tid fordi eg er så ekkel og pirkete. Men ho tilgjev meg vel, berre ho får eplekake når vi kjem opp att i morgon. Kanskje til og med servert på
Thomas.

Fordi, som Jon (bruktbutikkmannen) sa; "Du trenger jo ikkje å bruke det bare til frokost; du kan jo invitere til brunch!" Eg la til teselskap som eit anna ypparleg høve.

No avslutta eg telefonsamtalen med nydeleg, og klokka er 0510. Ho søv naken for world peace. I Yoko. You John. Here comes the sun. God natt.

5 kommentarer:

Frøken Mona sa...

Eg veit fremdeles ka eplekake betyr!

Silkeschwarzen sa...

Ja, det va då eg som skreiv kommentaren ovanfor. Beklaga forvirring!

Ingvalid sa...

velkommen inn i blogghelvete.

3-2-nuz sa...

Thx. Christine, trur du verkeleg eg hadde tenkt å servere slikt på eit praktfullt stykke tysk brukskunst frå 70-talet? Skjerpings.

Anonym sa...

Velkommen, hope you stay long. 80% av alle blogggar bli inaktive innan den første månaden veit du!