torsdag 13. september 2007

Torsdag i tosemd


For litt sidan var eg i det gule huset. Altså det kvite huset som før var gult, og som nok alltid vil bli kjend som det gule huset, sjølv om det kan laga problem for eventuelle nye hybelbuarar som går rundt i sentrum og ser etter eit gult hus, men alt dei finn er ein haug med kvite hus, og eit kvitt hus som kanskje etter nokre år kan begynne å flasse, så det skin gjennom litt gul måling, men likevel ikkje nok til at ein eigentleg kan sjå at det er gult. Uansett. Eg var altså i det kvite huset, som før var gult. Og der fann eg faktiks omtrent alle vennane våre. Vel vitande om dette faktum, gjekk eg opp til Janne, fann Kristine, gjekk ned til Ingvild, fann Janne, med mange fleire, til dømes Geir, plukka opp invitasjonen frå Bella og forlet dei alle saman.

Fordi Bella hadde laga telt til meg av pledd og stolar.

Det har ingen gjort før. Ho gjorde det fordi eg ikkje gjorde sånt når eg var liten og så fordi at ingen klemte meg på Kykkeli Klemmetid. Eg veit ikkje kva du tykkjer, men eg tykkjer ho er nydeleg. No et vi indisk ris med ananas og ser Angels in America.


1 kommentar:

Ingvalid sa...

Bloggsperre? ARMAGEDDON ARMAGEDDON