tirsdag 2. oktober 2007

"Du har gjort mange lei seg!"


Denne fryktelege skuldingi kom frå Jon, min fremste leverandør av tysk brukskunst. I helgi stakk eg innom for å hente Thomas, mitt nye porselensservise. Og det var fleire, spesielt ei, sa han, som hadde blitt lei seg når dei høyrde at dette nydelege serviset allereie var selt. "Så", konkluderte han; "Du har veldig god smak!" Då vart eg glad!

Då vi kom heim, vaska eg
Thomas og etterpå åt vi æppelkaku og drakk kaffe av han. Det var godt. Foreldra mine likte han òg, sjølv om dei tykkjer det er litt rart å kjøpe eit dyrt porselensservise når du er 17.

Ellers så ferska eg T*** i juks på matteprøven i dag; det gav meg stor tilfredsstilling. Spesielt å konfrontere vedkommande med det etterpå! Under prøven sat eg og lo for meg sjølv. Og det beste av alt var at eg såg at ho såg at
eg såg at ho såg på ein medelev sitt svar! Dette gav meg makt. Eg kunne fått Kari til å stryke ho på flekken, og ho visste det! Som sagt; dette gav meg mykje glede dei neste timane.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hm.. No vart eg nysgjerrig.

Anonym sa...

Mektige Jostein, kven juksa?

3-2-nuz sa...

Eg kan jo ikkje avsløre vedkommande når anonyme spør.