lørdag 3. november 2007

Rapport frå Agraba

Den siste tidi har vore særs spesiell. Tankane mine har oftast vore andre stadar enn på bloggen. Svigermor Alfhild har no lege i to veker på Haukeland Sjukehus. I dag er ho teken av sovemedisinane, for å unngå koma. Når ho vaknar, kanskje i morgon, kanskje om ei veke, vil ho tru at det framleis er laurdag 20. oktober. Dei veit ikkje kva som skjer når ho vaknar, men uansett må dei altså prøve å løyse alle eventuelle komplikasjonar utan bedøvingsmiddel. Dette er frykteleg rart og slitsomt og sjølvsagt verst for Oddbjørn, Bella og Renate.

Eg kjenner eit stort behov for avslapping denne helgi, i og med at det truleg blir mykje stress med haustfesten dei neste to vekene. Storbandtinga som eg aldri får ferdig ligg òg og murrar i bakhovudet mitt. I tillegg til oppspel og bloody biinstrumenttentamen.











I kveld har
Bella og eg hatt ein roleg fredagskveld åleine heime hjå meg i Lærdal. No skal vi leggje oss. I morgon tidleg skal vi sjå Aladdin (og kanskje Narnia, viss det blir tid).

PS: Ho er framleis fin. Det rimar dessutan på Jasmin.

2 kommentarer:

m. sa...

Du er nok den finaste.
<3

Anonym sa...

http://youtube.com/watch?v=t9-CS2v8wcc