
Klokka 10:48 i dag tidleg, etter at Erlend (felejansen) hadde, med eit enormt glis, gjeve oss andre ei kort innføring i asymmetriske takttypar i springartradisjonen frå Telemark og Valdres, samt ein kjapp what's what i felestillet gorlaus bas, var eg noko mildare stilt til Arne. Eg skjønte at dette er ein glimrande sjanse til å plukke og mykje verdifull kunnskap om ei musikkverd som til no har vore ganske fjern for meg. Vel har eg høyrt på folkemusikk, men aldri gått inn i han for å skjønne korleis han er sett saman og for å finne ulikskapane mellom dei forskjellige delane av landet. No gler eg meg faktisk, sjølv om eg ser at mykje arbeid ligg framfor meg.
I tillegg til at det er interessant, finst det jo utruleg mykje flott folkemusikk å høyre på. Bukkene Bruse, som eg skal presentere i dag, er mellom dei fremste folkemusikarane på sine instrument i landet. Steinar Ofsdal spelar ein masse ulike fløyter, Arve Moen Bergset kved og spelar fele og hardinfele, Bjørn Ole Rasch spelar diverse tangentfjøler av ulikt slag og karakter og til slutt er det Annbjørg Lien på fele, hardingfele og på ein heldig dag nyckelharpe(det svenske nasjonalinstrumentet). Ho kjem eg tilbake til ein annan gong.
Eg hugsar vi hadde ein kassett med Bukkene Bruse då eg var liten. Det var før Bjørn Ole Rasch vart med, og dei var nok noko "reinare" i uttrykket då. Seinare, i 2004, kom dei til Lærdal og heldt ein strålande konsert der. Eg var svært imponert over det eg høyrde, ikkje minst over måten Bjørn Ole Rasch, som då var blitt med, integrerte det han gjorde på fjølene sine i den utempererte folkemusikken. Det gjer mykje for å mjuke opp musikken litt og tilpasse den til dei mange utrena øyro rundt omkring. Difor tenkte eg at Bukkene Bruse kunne vera eit bra band å misjonere til dei som ikkje driv med og høyrer på folkemusikk til dagleg.
Desse to låtane er frå plata "Spel", som dei nettopp hadde gjeve ut då dei var i Lærdal. Eg vart så stolt før i dag då eg kunne fastslå (eg trur eg kan iallfall) at Haslebuskane var ein springar frå Telemark. Dette på grunn av det lange fyrste taktslaget. Den andre, Folketone frå Sunnmøre, er jo berre heilt utruleg vakker.
2 kommentarer:
Er alle dei musikarane du nemner smarte å høyre på før eksamen?:)
oi.. skulle skrive Torunn, men blei tør. Merkeleg.
Legg inn en kommentar