onsdag 4. juni 2008

Musikkmisjonen: Brad Mehldau

Det nærmar seg sommar. Sommar tyder festivalar. Festivalar, for meg, tyder Moldejazz. Kvart år står eg utanfor Alexandraparken i Molde og sel t-skjorter til dei aldrande, overvektige jazzgubbane som har samla på Moldejazz-skjorter sidan starten i 61. Og kvart år får eg mange herlege musikkopplevingar som inspirerer meg når hausten ein gong kjem og teknikk- og skalaøvingane må takast fram att. Og Moldejazz-programmet er alltid bra. I fjor var Chick Corea der (ja, eg gret), og i år kjem forsyne meg, i tillegg til mange andre interessante namn, sjølvaste Brad Mehldau. Og for å feire det, vil eg no fortelja litt om han og mitt forhold til han.

For nokre år sidan, på veg til det årlege Unge Talent-kurset på Balejazz sat eg på bussen med Per Inge Hove (Pringe). Han er ein god del eldre enn meg, så eg tykte nok det var ganske kult å snakke musikk med han. Eg fortalde om kor glad eg var i
Radiohead, sjølv om det var jazzpianist eg gjerne ville verta. Det var då han fortalde meg om ein amerikansk jazzpianist, relativt ung, men likevel blant dei fremste i verdi, som kombinerte nettopp dette- Radiohead og jazz. Han kunne fortelja at også Beatles flittig vart tolka av denne Mehldau. Når eg til slutt greidde å stave etternamnet hans rett, fekk eg lasta ned litt musikk av han, og eg skjønte at dette var min mann. Han greidde det eg drøymde om. Og med ein slik tone, eit slikt anslag. Det som imponerte, og imponerer, meg mest, er måten han brukar venstrehandi si på. Den er så mjuk og melodiøs, der dei fleste andre jazzpianistar berre slengjer på nokre akkordar for å hjelpe den høgre. Og i tillegg til å vera ein stor pianist og ein glitrande tolkar av andre sine låtar, er han òg ein svært dyktig komponist, noko han har vist gjennom til dømes skiva House on Hill (2006), som berre inneheld låtar han har skrive.

Mehldau har gjort fleire ulike ting, men mest tid har han brukt i Brad Mehldau Trio, fyrst med Jorge Rossy og Larry Grenadier, og sidan 2005 med Jeff Ballard(Pat Metheny, Chick Corea) på trommer i staden for Rossy. Han har gjeve ut mange plater med dei, deriblant kvintologien (kan ein seia det?) "Art of the Trio". Han har òg spela inn nokre fantastiske plater i bandet til ein annan stor, amerikansk jazzmusikar; Joshua Redman. I seinare tid har han òg hatt eit prosjekt med gitarguru Pat Metheny, som har resultert i to plater; Ei med mest duostoff (der kan du verkeleg høyre venstrehandi hans) og ei med Grenadier og Ballard. Alt dette held slik ein kvalitet at eg mest ikkje tør tenkje på det.

Det er altså eit av dei aller største banda innan pianojazzen som vitjar Molde i juli. Ekstremt dyktige- ekstremt samspelte. Det kjem til å bli ein stor kveld på Kulturhuset. Eg klarte ikkje å velja, så eg legg ut både Knives Out og Exit Music (for a film). Høyr korleis han plukkar ut og gjer til sitt eige, samstundes som han tek vare på Radiohead-låtane. Nydeleg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Exit music var fantastisk..

Forresten, du har blitt tagga. To gonger.