fredag 6. juni 2008

Det er boki mi.

Ok, Andreas påstår at dette er noko eg burde gjera, så då gjer eg det.

Plukk opp næraste bok.
Opne den på side 123.
Finn den femte setningi.
Skriv dei tre følgjande setningane.
Vel fem folk du oppfordrar til å gjere det same.

Vel, vel. Eg skulle ynskje eg hadde ei så kul bok som Fight Club på nattbordet (vel, eg har berre sett filmen, men den er føkkingfæntæstikk), men det har eg då ikkje. Gjett kva eg har da.

The Study of Orchestration av Samuel Adler, side 123, setning 1-3 (notedømet tek mykje plass):

"Brahm's use if the cellos in their lyrical and intense register (see example 5-7) to play the melody gives the other strings an oppurtunity to play the soft, rapid, triplet accompaniment (background), and allows the composer to build up to a higher pitch level in the violin's statement of the theme. This second statement, though fuller and more heavily scored (last three measures of example 5-7), sound much less tense than the original. Certainly Brahms could have initially stated the theme in the violins and followed it with the cellos, but it is the stunning and vibrant effect of the cellos at the opening of the movement that captures the listener's attention and makes the opening so engaging."

Musikkstykket det her er snakk om er Brahms si nydelege opning av tredjesatsen i den tredje symfonien sin. For at de skal kunne verkeleg leve dykk inn i teksten, legg eg ved den aktuelle satsen, her innspelt med (kanskje) det beste orkesteret i verdi, Berlinerfilharmonikarane, og den legendariske dirigenten Wilhelm Furtwängler. Kos dykk!


Eg vil gjerne at kjærasten min òg skal gjera dette, sidan ho har så mange fine bøker i biblioteket sitt. Som til og med kan vera interessante for andre enn ho. Elles tenkjer eg du fekk noko anna enn musikk no, Andreas!

Ingen kommentarer: