onsdag 18. juni 2008

Kan nokon bremse?

Ok. I dag slo panikken inn. Eg er (faenmeg) ferdig med mitt andre år på vidaregåande. Den skarpsindige lesar vil i løpet av ein augneblink oppdaga at for ein studieførebuing som meg vil det seia 2/3. Eg er ferdig med 2/3 av mi tid på vidaregåande skule. Eg kjenner meg som om eg nett har flytta på hybel og skal til på dette livet. Og så er det to år sidan. Eg skal ikkje begynne å syte (Mor, jeg vil tilbake), men det kjennest rart. Det er òg rart å veta at neste år må eg bli enda meir disiplinert, bruke enda fleire timar av dagane og vekene mine til å spela piano. Eg håpar eg likevel kan få litt (berre litt) tid til å slappe av med vener og Bella. Eg må nesten det. Verdien i å gjera ingenting er undervurdert. Ein må berre veta når ein kan gjera det, når ein ikkje kan gjera det, og når ein MÅ gjera det. Det er det eg har skjønt dette året.

Til slutt, om nokon måtte vera i tvil: Eg tykkjer Arne Søholt er eit strålande menneske og ein fantastisk lærar. Sjølv om han har enda mindre hår no enn når dette biletet vart teke. Eg har fått (og strukturert) veldig, veldig mykje kunnskap innan musikkhistorie og folkemusikk dette året, mykje takka vera han. Hugs på; Ei av dei høgste ærene ein sogning kan vise deg, er at han snakkar drit om deg. Folk vi ikkje likar tør vi sjeldan å rakke ned på. Eg veit ingen som snakkar så mykje stygt om meg som far min. Det er slik vi er.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, ja, det ligger kanskje noe i det du sier. Bra å trene uansett om man er musiker, modell, eller husmor! :)

Anonym sa...

Hybel virker morsomt, jeg vil også bo på hybel. Men jeg bor litt under 30 minutters gåavstand fra skolen, så det er ikke så mye vits.

Anonym sa...

3-2 nuz: for mæ blir nok ikke det så naturlig om æ skulle skrevet hverken bokmål eller nynorsk.
At æ skulle blitt tatt mer alvorlig fordi æ skriver bokmål eller nynorsk virker litt smårart syns nu æ. Har mye med kordan man skriver såklart, men om æ bytter ut JEG med Æ eller HVORDAN med KORDAN så tror æ egentlig ikke folk tar mæ mer eller mindre seriøs av den grunn? Høres litt rart ut spør du mæ.
Dialekta e en del av mæ ja. Og æ vil nok fortsette å skrive på dialekt.
Kanskje lettere for folk som kjenner mæ eller folk som e fra nord-norge og på en måte "høre" det æ skriver i bloggen, men på en an side så kan jo ikke akkurat østlendinger begynne å skrive på nord-norsk dialekt fordi æ føler det e bedre å lese det?
Det e jo like unaturlig for mæ og lese bokmål som omvendt.

Anna H. A. sa...

Eg merkar at eg saknar deg når eg les bloggen din, Jostein. Det du skreiv om når ein kan slappe av og når ein ikkje kan, trur eg er heilt rett. Det er jo trass alt ikkje sikkert at eg får vere persisk katt i mitt neste liv heller.

Anonym sa...

the intermediator comes to thing and EVERYTHING that represents you.
The way of cementing relationship as Judie nigh did.
accept that you can agnize that you were when you individual a
sickness or assumption that no offline ingenuity could of all
time be intimate you. You make love to simulation to be certain
not to dating advice dating widower the matcher comes to
thing and EVERYTHING that represents you. The way of cementing relationship as Judie just about did.
Assume that you can earn that you were when you bang
a sickness or meliorate that no offline assets could ever fuck you.
You acquire to arrogate to be reliable not to
My weblog : dating advice women after divorce