fredag 27. juni 2008

Om ting eg burde ha gjort før pluss litt til

I dag såg Bella og eg Forrest Gump. Det fyrste eg tenkte når den var ferdig var: Faen, eg visste jo at denne filmen er ein alle skal ha sett. Kvifor har eg ikkje sett han før? Det er ein av dei finaste filmane eg har sett nokon gong.

Etterpå vitja vi svigermor på sjukehuset (ho har det bra altså), før resten av svigerfamilien vart med heim til middag (mamma si blomkålsuppe og nypoteter og spekemat). Det var koz. Om kanskje ein halvtime eller noko sånt kjem bror min og kona og ikkje minst mitt onkelbarn Tiril. Det blir superduperkoz. Akkurat no ser vi slutten, eller for å vera heilt nøyaktig, ein liten del i midten, av Rabbit-Proof Fence. Den er trist, men fin.

Men eg tenkte litt på Forrest Gump, og her treng eg litt hjelp. Jenny, hans store kjærleik, oppmodar han alltid om å springa (Run, Forrest, run!) kvar gong han støytar på vanskar. Men Forrest kjem seg jo glimrande gjennom livet ved å gjera det stikk motsette- han konfronterer alle vanskar og kjem over dei. Kva rolle får då eigentleg Jenny? Skal vi oppfatte ho som feig? At ho ikkje har tru på han? Men vi likar jo ho, ho er pen og snill og giftar seg med han og døyr til og med! Dette forvirrar meg, og eg vil gjerne ha innspel. Tuzentakk.

1 kommentar:

Mari sa...

Veit du, skremmande nok har ikkje eg sett denne filmen heller. Gale. Men takk for påminninga! (og lukke til på jobb i dag ;-) )