søndag 29. juni 2008

Fjell og fonn

I går, etter jobb, gjekk far min, bror min og eg til fjells. Etter vel 1000 meter stigning nådde vi sankebui vår, Kvila. Det er ein fantastisk stad, omlag 17 m2, fire sengjer, primus og nok straum frå solceller til nattlamper, så vi kan lesa tegneserier på sengi. Asterix og britene er obligatorisk. I dag tidleg var vi på fiske i Fagervatnet, omlag ein halvtime vekk frå hytta. Åsmund og eg støytte på ei lang (og forholdsvis bratt) snøfonn på veg nedatt, og barnslege sjeler som vi er, kunne vi ikkje dy oss. Vi måtte sigle. Og filme det heile. I sør-afrikanske fiskehattar. Gud, så moro det var.



Photobucket
"Dinamito bladabom juppi!""Suxesso" På biletet til venstre sit mamma og pappa. Til høgre nyt
hyttebyggjar og bestefar Sigurd ein Bellman cigarillo på trammen.

Photobucket
Fagervatnet med fiskar. [Seinare døypte Åsmund dette biletet om til "Ein mann. Eit vatn."]

1 kommentar:

Anonym sa...

å skli nedover sånne snøgreier er så UTROLIG morsomt :D i have no words