mandag 30. juni 2008

Jostein på jobb.

Eg trur kanskje eg har den mest behagelege jobben i verdi. Den einaste bloggaren eg kjenner med ein like behageleg jobb er Mari. Her sit eg på MacBooken, omgjeve av det vakre trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri (merk turistkontorsjargongen), og bloggar, spelar altoppslukande strategispel og miksar litt musikk innimellom. Kanskje les eg litt. Kanskje kjem eit tysk ektepar innom og spør etter minibank eller toalett. Eller ein eldre japanesar, som berre går rundt på kontoret og les brosjyrar i eit kvarter, før han går, utan å ha spurt om noko. Dette får eg rimeleg godt betalt for. Og det passar meg glimrande. Akkurat no sit eg bak det store glaset lengst til venstre på biletet. Om du måtte vera i tvil, det var ikkje eg som bestemte fargen på huset, eg trur det er autentisk i ein eller annan stilepoke.

Forøvrig vil eg tilrå alle, uavhengig av om du skriv nynorsk eller ikkje, å koma på sommarleiren til Norsk Målungdom i Aurland, 8.-13. juli. Eg innser sjølvsagt at mange allereie har planar denne veka, men dersom du skulle vera ledig, kan du jo tenkje på det. Det kjem til å bli masse kos, som tilsett i turistbransjen kan eg gå god for fjord&fjell-faktoren, og på toppen får du sjansen til å møte, veta meir om, diskutere, og bli glad i nynorsken og oss som brukar den. It's gonna be a blast!

PS: Ja, eg meinte faktisk det med at eg trur også de som skriv bokmål vil ha godt utbytte, både sosialt og fagleg, av å koma. Det er lite målfolk likar betre enn bokmålsfolk som er opne for nynorsk, og ser at den er meir enn ein karakter du gjerne skulle vore utan på vitnemålet.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, kos. Eg sit inne på eit kontor midt i Oslo sentrum og hackar Nei til EU sine tenarar.

Men no skal eg snart på ringjert med NMU! Akk. Eg vil sitja ute i fina veret.

Mari sa...

Joda, flott jobb, og du rekk jo ikkje bli lei ein gong, sidan du skal på sumarleir innimellom. :-) Nokon som er heldige. Og eg er absolutt med på det der om nynorskopne bokmålsbrukarar (steikerten, god på å finna på nye ord eg) - dei likar me!

Men du, kan du endra linken til bloggen min slik at den vert rett og ikkje leier til ei eller anna obskur bibelside?

og so snakkast me vel i morgon...

Anonym sa...

sånn jobb vil jeg også ha! hmpf

anyway, du må huske å spille statetris mens du sitter der. mhm.

Anonym sa...

Jeg syntes at nynorsk er svært fint og har syntes det siden en gang i niende da jeg fant ut at ordboken er en fin venn om du vil lære deg nynorsk godt. Kunne tenkt meg å være på den leiren, men er jo i Kristiansand og i bilen på vei hjem fra Kristiansand på denne tiden. Jeg liker bloggen din.

Anonym sa...

Målungdom ja. Personlig er jeg ikke så glad i nynorsk. Det er veldig pent å høre på, men fader så vanskelig jeg har for og skrive gode nynorske tekster på skolen. Karra meg så vidt til en femmer i nynorsk. Vanskelig!