fredag 4. juli 2008

Maxim & Patrik utforskar Fjell-Noreg

Det er natt og eg skal vera på jobb klokka åtte i morgon tidleg. Kva tid er vel betre eigna til å blogge?

I går ettermiddag, på jobb på turistkontoret, vart eg vitja av to turistar med store ryggsekkar, seinare kjende som Maxim & Patrik. Dei var backpackarar som var på utkikk etter fine fotturar og ei vaskemaskin dei kunne låne. Eg sa- som sant var- at vaskemaskina kunne eg ikkje hjelpe dei med, men fotturar måtte det vel verta ei råd med. Eg fortalde dei om ulike ruter, deriblant den som går opp mot der den vesle hytta vår (den eg fortalde om for nokre dagar sidan) ligg. Eg sa at dersom dei klarte den lange turen heilt opp dit, kunne dei gå inn og finne seg litt saft der. Dei sa dei skulle tenkje på det.

Litt før stengetid klokka sju kom dei att og spurde: Dersom vi finn vegen, kan vi då overnatte på hytta di i natt? Eg vart sjarmert av kor frivole (av mine favoritt-nynorskord) dei var og sa ja. Litt før klokka åtte drog dei oppover. Eg sykla heimatt og åt middag, men fann ut at eg skulle ta meg ein tur oppover eg òg, for treningi og for å sjå etter dei. Ein halvtime (200 høgdemeter) under hytta fann eg dei, og følgde dei opp. Dei vart frykteleg slitne når vi nærma oss toppen- desto lukkelegare når vi endeleg kom fram og dei fekk eit glas med saft.

Dermed, utan at eg eigentleg heilt hadde skjønt kva som hadde skjedd, var eg på Visete med to menneske eg aldri hadde møtt før, latviaren Maxim og Patrik, som var halvt dansk. Dei låg der over natta, men eg måtte nedatt. Såleis kom eg ikkje heim før rundt halv eitt- takk og lov for lyse sommarkveldar.

Det høyrer òg med til historia at eg vart ein tanke nervøs i dag, då eg prøvde å ringje dei og ikkje fekk svar. Tankar av typen "dersom dei no er drukna/hamna i steinras/gått seg vekk(stryk det som ikkje passar), er eg ansvarleg" byrja å melde seg og sveitten breidde seg på ryggen. Det kan også ha hatt noko å gjera med dei 28 gradane som herja ute. Uansett vart eg svært letta då eg til slutt fekk kontakt med dei og høyrde at dei var trygt nede på turistkontoret for å hente tinga dei hadde lagt der kvelden før.

Det vart altså lukkeleg slutt på denne solskinshistoria frå turistnæringi i Lærdal. Moral? Tja, at alt går an på små stadar som Lærdal, kanskje? Evt. at ein ikkje kan gje ei spesiell oppleving til alle, men at alle kan gje ei spesiell oppleving til nokon? Eller vart det litt klissete? Whatever.

1 kommentar:

Mari sa...

Eg kunne verken tilby hytte eller vaskemaskin, men derimot kjøkenvask som gjorde omlag same nytten. Attende fekk eg selskap ein heil ettermiddag. kosleg
Og neida, moralen din var ikkje klissete. Ok, litt klissete då, men det er lov. Av og til.