lørdag 12. juli 2008

Musikkmisjonen: Christian Wallumrød Ensemble

Eg har nattevakt og er i svime. Eg har den tunge 0400-0730-vakti, og har sove ein og ein halv time i natt. Eg er ferdig med 20 minutt av vakti, tre timar att.

Ein slik dag (ei slik natt) set eg på Christian Wallumrød Ensemble. Moldejazz nærmar seg, berre nokre dagar unna no, og det er vel liten tvil om at CWE kjem til å dra mykje folk til Molde Domkyrkje. Det er ikkje utan grunn.

Christian Wallumrød Ensemble består om dagen av seks musikarar: Wallumrød sjølv på piano, Arve Henriksen på trompet, Per Oddvar Johansen på trommer, i tillegg til Gjermund Larsen på fiolin, Tanja Orning på cello og Giovanna Pessi på barokkharpe. Eg tala eingong med Arve Henriksen om CWE og spurde han kva sjanger dei definerte det under. Han svarte at Wallumrød i grunn ikkje var spesielt interessert i å kunne seia at det var anten jazz eller samtidsmusikk eller klassisk, men snarare såg på det som ei blanding av desse tre og fleire til. Og desse barokkinspirerte, gjennomarrangerte "låtane" er verkeleg vanskeleg å plassere i nokon sjanger. Men det gjer ingenting, sjangerløysa kler Wallumrød godt.

Gjennom tre album (Sofienberg Variations, A Year From Easter, The Zoo Is Far) har Wallumrød utvikla stilen og "tonen" i komposisjonane sine, hatt litt forskjellige besetningar og spelestilar, men hovudinntrykket har vore det same: Enkle komposisjonar, nydelege arrangement og ikkje minst ein nydeleg klang i ensemblet! Spesielt samklangen mellom den silkemjuke, luftige trompetlyden til Arve Henriksen og den sprø, forsiktige strykeklangen har bergteke meg mange gonger. Christian Wallumrød byter mellom å spela vanleg piano, preparert og dempa piano og diverse leikepiano og liknande. Men ofte ligg han heilt i bakgrunnen, berre let melodiinstrumenta sole seg. Eller eg vil kanskje ikkje seia sole seg, for det er ikkje soli eg tenkjer på når eg høyrer CWE; Til det er det litt for melankolsk. Det er jo trass alt ei ECM-skive. Snarare er CWE som den haustnatti du ein gong drøymer om å få oppleva; Fredfylt, mjuk, og harmonisk; litt kjølig, men ikkje kald.

*

Har du sjansen, reis til Molde Domkyrkje neste fredag, den 18., og opplev desse menneska. Det kjem til å bli ei magisk stund.

http://www.myspace.com/christianwallumrodensemble

Ingen kommentarer: