onsdag 21. mai 2008

Funn: The Famous Biting Guy+ Lindstrøm/Prins Thomas og GTUK

Det vi har venta på i lange tider har endeleg skjedd. Bjørnar har lagt ut ny musikk på MySpacet sitt! Den nye songen heiter altså "Famous Edit" og er sabla kul.

For dei som ikkje kjenner han er Bjørnar Sira aka The Famous Biting Guy ein smålåten, hyggeleg fyr frå Nordfjordeid som eg tilfeldigvis kjenner gjennom min gode venn Andreas. Han jobbar utelukkande (etter det eg veit) med elektronisk musikk, og om ikkje eg tek heilt feil, trur eg vi kjem til å høyre mykje frå han dei neste åra. Nok skryt.

Ikkje det, nei. For han har òg ein svært velutvikla musikksmak, så no berre vidareformidlar eg det han sa til meg; at desse folka dreiv med mykje kult. Det synte seg å stemme.

I tillegg vil eg, for dei som er glad i hard, tysk grindcore gjeva dykk GTUK. Han fekk eg høyra fordi han gjev ut platene sine på Fuck Subtle Recordings, som blir driven av ein venn av meg. Han, Petter, er forøvrig ein veldig bra fyr(les: nynorskforkjempar). Om GTUK er det å seia at om nokon treng litt luft (kanskje eit glas vatn?) etter å ha høyrt gjennom ei av platene hans, så skal ikkje eg døme vedkommande av den grunn. Han kan vera ganske heavy.

*

Eg bed om orsaking dersom de føler at musikken eg misjonerer i dag ikkje er så koseleg og lett tilgjengeleg som det eg hittil har skrive om, t.d. koserock frå tider som eingong var (min ven). Berre vent til eg går på laus på jazzen.

1 kommentar:

Anonym sa...

Den er stugg.