onsdag 25. juni 2008

Funn: Lydia Hoen Tjore

Som nemnt har eg vore på landsmønstring i helgi. Ikkje uventa var det veldig mange utruleg bra prestasjonar på dei seks forestillingane i Trondheim. Nokre var det likevel som imponerte meir enn andre. Det er godt mogleg at Witch Witch vart ein flopp på West End, men Lydia si framføring av denne arien fekk ståande applaus på begge konsertane ho song på. Det var etter mitt syn fullt fortent. Det gjeld òg for stipendet ho fekk måndagskvelden. Ho er altså 13 år. 13 år.


7 kommentarer:

Anonym sa...

Seriøst! :D WOW!

Håri på kroppen reiste seg, eg fekk tåror i augo. Flotte greidor. 13 år. Hyhy. Og so på nynorsk! Ekstra superelsk! :D

Anonym sa...

Hm. Det kommer ingen film : ( Kanskje bare nettet mitt, det er litt teit i dag.

3-2-nuz sa...

Prøv denne her i staden:

http://yber.no/?side=41&nyhet=102

Silkeschwarzen sa...

FANTASTISK!
eg grein.

3-2-nuz sa...

Eg veit! Eg har aldri opplevd før på UKM at folk har blitt nøydde til å koma innatt og ta applaus ein gong til fordi folk nekta å slutte å klappe, men på kyrkjekonserten måtte ho det. Eg var dødsimponert då, og då trudde eg ho var kanskje 17-18.

Anonym sa...

herlig^^
Jeg elsker den musikalen!!

Ingrid sa...

Oi, flink pike!

Giraffen ble funnet i en bod, og har ennå ikke et navn. Men han er litt misfornøyd, eller så smiler han med munnvikene nedover. Det er det jo mange som gjør.

God torsdag!